Bob Dylan (fødd Robert Allen Zimmerman, 24. mai 1941) er ein amerikansk låtskrivar, musikar og kunstmålar som har vore ein av dei viktigaste personane i popverda i over fem tiår. Dei mest kjende og viktigaste songane hans er frå 1960-åra då han starta som ein motvillig frontmann for samfunnsuroa. Fleire av songane hans, som «Blowin' in the Wind» og «The Times They Are a-Changin'» vart temasongar for både amerikanske borgarrettsrørsler og krigsmotstand (særleg mot Vietnamkrigen). Tekstane i dei tidlege songane til Dylan synte påverknad frå både politikk, samfunn, filosofi og litteratur. Tekstane trassa dei eksisterande vedtekne formene for korleis tekstane i popmusikk skulle vere og appellerte stort til den blømande motkulturen. Samstundes som han utvida og personifiserte sjangrar, utforska han òg mange tradisjonelle amerikanske sjangrar, frå folkemusikk, blues og country, til gospel, rock and roll og rockabilly til engelsk, skotsk og irsk folkemusikk og til og med jazz og swing. Dylan spelar gitar, piano og munnspel. Han har hatt med seg mange forskjellige musikarar og har turnert jamt og trutt sidan slutten av 1980-åra. Det han har oppnådd som plateartist og musikar har vore sentralt i karrieren hans, men det er likevel låtskrivinga hans han vert aller mest hugsa for. Han har fått mange prisar gjennom åra, som Grammy, Golden Globe og Oscar, han er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, Nashville Songwriters Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame. Juryen for Pulitzerprisen i 2008 gav han ein spesialpris for det dei kalla den inngåande påverknaden hans på popmusikken og amerikansk kultur ved «lyriske komposisjonar med usedvanlig poetisk kraft». I 2016 vart Dylan tildelt Nobelprisen i litteratur.
Developed by StudentB